Kva kan eg gjere for deg?

Studio Fjordyoga

Eg tilbyr kursforløp i pilates og yoga kvar haust og vinter/vår. Kvar klasse har ulikt fokus med ein raud tråd som handler om å auka kroppsbevissthet og finna balanse og styrke i kropp og sinn. Gjennom sommeren tilbyr eg enkeltklassar på studioet og uteyoga i skogen, på fjellet eller langs Hardangerfjorden.

Dei siste årene tilbyr eg og jevnlige klasser i Ulvik i tillegg til i Kvam.

Rens Deg

Har du lyst å få inspirasjon til å legge om mat og drikkevaner?

Eg tilbyr 2 eller 3 vekers interaktivt online rensekurs med ulikt fokus i forhold til årstidene. Ryggraden i rensen er frø og nøtter «frøkost», samt å spise reinare, lettare og grønare. Du får ein email kvar morgon med masse inspirasjon for å skape din egen rensereise.

Personleg 1:1 yoga

Vil du i gang med yoga og vil ha opplæring på ein trygg måte? Eg skreddersyr ei bevisstgjørande øvelsesrekkje tilpassa for deg med inspirasjoner til regulering av nervesystem, betra kroppsholdning og djupare pust, så du kan få ny energi, skape balanse og overskudd i kvardagen din. Du får med deg «krølleteikningar» så du bedre kan hugse din flow.

Massasje og rebalansering

Prøv ein time med rebalansering, lær å mestre stress, regulere nervesystemet, finne god kroppsholdning og utforsk den helsebringande pusten. Me skaper eit program tilpassa deg. Og/eller få deg ein djupt avslappande og nærande massasje. Berøring er kroppens første språk, kroppens egen evne til å helbrede seg sjølv vert aktivert og sinnet kan falla til ro. Når me går inn i naturlig kvilemodus åpnar det gode nærværet seg og systemet finn balanse. 

Yogaretreat

Lyst å komme djupare inn i yogaens verd? Tid for ein venninnetur eller få eit skreddersydd opplegg for deg sjølv eller med partner?

Bli med på kortreist ferie med meining. På hytta vår Strandhaug på Utbjoa i Sunnhordland kan du trekke deg tilbake frå kvardagen og få inspirasjon til å utdjupe din yogapraksis. Me har plass i hytta eller i vårt vakre glamping telt, me bruker stranda og svabergene som vår yogashala. Me snekrer saman opplegg som passer for deg/dine. Max 5 deltakarar.

Huldresirkel

Har du ei hulder under huden? 

Rykker det i halen og du bare måååå danse?

Kjenner du deg i slekt med jorda, med naturkreftene? 

Då er huldra levande i deg… villkvinna som kjenner seg sjølv og veit at ho er del av Naturens mektige favntak. Kom huldresøstre – la oss samles i sirkel, smelte ned mot jordas djupe ro, hente kraft og inspirasjon, oppleve samhold og kreativitet.

Ta ansvar for helsa di

Å lytte innover til kroppens stille, vise stemme er ein viktig nøkkel for å leve i balanse og harmoni med oss sjølve og verda rundt oss. Å ha kontakt med vår indre verd, kjenne på magefølelsen, vite kva mine behov er, kor grensene går og kvile djupt inn i vår eiga kjelde av livskraft – er essensielt for helsa vår.

Spiser du den maten som er god for deg?

Trener du på ein måte der du tar hensyn til DEG?

Får du nok kvile til å regenerere deg?

Finn din kvardagsyoga

På stovegolvet, på jobben, i naturen…

la din egen yogapraksis skape grunnlaget for å ha ein smidig og sterk kropp gjennom livets utfordringar og inn i alderdommen, det er gull verd.

Det handler om nærværsbasert trening. Å sanse korleis ryggraden har det, kvile tankane inn i pusterytmen og la pusten puste deg… skape sunne bevegelsesmønstre. Finn din kvardagsyoga og kjenn deg meir Heil. Yoga er for alle!

Bildet er av Ranatha, i Vikøyskogen 

Skap overskot av livskraft:

Det kan væra enkelt… du behøver ikkje stå på hovudet eller trene så svetten siler 5 gonger i veka. Du kan med naturlege metoder finne heilskapande vaner for kropp og sinn. Verkeleg helse handlar ikkje bare å væra sjukdomsfri men ha eit overskudd av kreativ livskraft. Kunsten er å ha kontakt med den indre visdomen og fortsetta å praktisere det du veit er godt for deg! 

UTEyoga er deilig, me bruker Naturen som treningsrom der vi finn sentrering gjennom pust, påkobling av senteret og kjenner livskrafta bruse med kroppens rytmer og kontakt med bakken. Du kan bestilla deg ein personleg yogaøkt med meg, eller saman med nokre andre.

Eg kan inspirera deg til å finne ei enkel og god helsepraksis som passer deg

1:1 UNDERVISNING, fysisk eller online:

kr 925 for 75 min (kr 1.500 for 2 deltakere) fysisk

kr 2.900 for klippekort på 5 x 45  min online

Levert av Bukken.no © Kopirett - Studio Fjordyoga